Test av Nødvarsel på mobil onsdag 10. januar kl. 12.00

Onsdag 10. januar kl. 12.00 blir det testing av Nødvarsel på mobil og tyfonane (Sivilforsvaret sitt eige varslingsanlegg) testa over heile Norge i ei felles nasjonal varslingsprøve. 

Test av Nødvarsel på mobil onsdag 10. januar kl. 12.00

Onsdag 10. januar kl. 12.00 blir det testing av Nødvarsel på mobil og tyfonane (Sivilforsvaret sitt eige varslingsanlegg). Dette blir testa over heile Norge i ei felles nasjonal varslingsprøve. Dette er berre ein test. Du treng ikkje å gjere noko.

Dersom du ikkje ynskjer å motta testen, må du setja telefonen i flymodus eller skru den heilt av i god tid før og etter klokka 12 den 10. januar.  Det er politiet som sender ut test av Nødvarsel på mobil. Sivilforsvaret testar samstundes tyfonane med signalet "Viktig melding – søk informasjon".

Les meir om Nasjonal varslingsprøve 10. januar.

  • Les om tilsvarande test som ble gjort i juni 2023.