Kreative ungdomar frå Skjåk har hevda seg i toppen i fleire elevbedriftskonkurransar i år

Skjermdump frå video-stream - Klikk for stort bilde Skjermdump frå video-stream Deltakarane fekk lovord frå ordførar Edel Kveen (og kommunestyret) og ei gåve frå Skjåk kommune på kommunestyremøtet den 22. juni. Dette lovar for godt for Gründerbygda!

Kreative ungdomar frå Skjåk har hevda seg i toppen i elevbedriftskonkurransar i vår.

Deltakarane fekk lovord og ei gåve frå Skjåk kommune i Kommunestyret den 22.juni. Dette lovar for godt for Gründerbygda!

Skjåk dekk og vask EB, Ull er Gull EB og Fritt Vilt UB er bedrifter som har lykkast godt med forretningsideane sine og hevda seg i ungt entreprenørskap sine konkurransar i vår. Ungt entreprenørskap utviklar innovasjons- og entreprenørkompetanse. Elevbedrifter (EB) og ungdomsbedrifter (UB) skal drivast som ei vanleg bedrift med mellom anna ulike roller i bedrifta, marknadsføring og rekneskap. Dette er verdifull kunnskap som kjem godt med seinare i arbeidslivet.

Ull er Gull EB

Ull er Gull UB har samla inn restegarn og laga fine produkt som dei har seld (sjå bilete av produkta nedst i saka). Ein berekraftig ide med utgangspunkt i ein ressurs som dei aller fleste som driv med handarbeid har mykje av. Bedrifta har bestått av Idun Byre, Tantawan Wongwiset (Tong), Tina Flaten, Kaia Hestdal Teigen, Mya Hånsnar. Ull er Gull EB - Klikk for stort bilde Ull er Gull EB   

Desse vann Innspireprisen som vart gjeven til ideen som juryen vart mest inspirert av. Juryen grunna det med at dei hadde tydeleg formål og sosial forankring. Og at bedrifta har ein ide som kan vekse vidare og utover lokalsamfunnet. Dei vann også Grønt & Genialt prisen der uttala frå juryen var at dei brukte opp garnrestar, det er berekraftig og kreativt, det er ein innovativ ide og marknaden for sal er stor og dei hadde ein fin og informativ presentasjon. Dei vann og prisen for beste videopich. 

Den er ei tydeleg og fargerik forteljing. Den er laga med humor og heile bedrifta bidreg. Juryen likte særleg godt å sjå dei konkrete produkta og vegen dit. Dette er gull!

Skjåk dekk og vask EB

Ungt Entreprenørskap - Klikk for stort bildeSkjåk dekk og vask Ungt Entreprenørskap Skjåk dekk og vask UB har bestått av Harald Teigum Østengen og Erlend Sveen Andreassen. Dei såg eit behov hjå folk og tok på seg innvendig vask, utvendig vask av bil og hjulskift. Bedrifta har gått så det susa og mange skjåkverar har nytta seg av tilbodet til dei arbeidsame gutane. Dei vart kåra til Beste elevbedrift i regionen!

Fritt Vilt UB

Fritt Vilt UB har laga eit konsept der dei produserer kvalitetsprodukt basert på avskjær av gris og vilt der heile dyret skal nyttast i produksjonen. Det er viltkraft som har vort det mest populære produktet. Dei nyttar delar av dyret som vanlegvis hadde vorte kasta og bidreg slik sett til ein meir berekraftig utnytting av dyret. På Fylkesmesterskapet for ungdomsbedrifter i Innlandet fekk fritt Vilt UB fyrsteplass i fire kategoriar; Beste ungdomsbedrift, Beste logo, Bærekraftsprisen og Beste samarbeid med næringslivet. Dei fekk andreplass for Beste forretningsplan/ modell, Beste marknadsføring og ein tredjeplass i kategorien Beste sosiale entreprenør.

Fritt Vilt UB består av Tina Marie Randen og Desi Fosstuen frå Skjåk og Live Svendsgard frå Dovre og Sofie Brenna frå Lom.

Sjå Fritt Vilt sin videopitch her.