Nye lærlingar

Frå venstre: Elise Øverli  Bore - lærling i institusjonskokkfaget, Joachim Eriksen Nerland- lærling i IKT- servicefaget og Ingrid Teigen Håkenstad – lærling i helsearbeiderfaget.  - Klikk for stort bilde Elin Bakke  Frå venstre: Elise Øverli Bore - lærling i institusjonskokkfaget, Joachim Eriksen Nerland- lærling i IKT- servicefaget og Ingrid Teigen Håkenstad – lærling i helsearbeiderfaget. 

Lærling i Skjåk kommune

Skjåk kommune er godkjent lærebedrift i tilsaman seks fag, og vi har denne hausten teke inn tre nye lærlingar.

Fredag 23.10.20 hadde vi felles samling for alle dei nye lærlingane våre. Lærlingane vi tok inn i haust fekk alle ein annleis start grunna epidemien vi er inne i. Lærlingane er ein viktig ressurs som medarbeidarar i kommunen, og dei er alle til svært god hjelp for oss i dei ulike tenestene våre. Vi håpar Elise, Joachim og Ingrid vil få ei fin læretid i Skjåk kommune, og vi ser fram til samarbeidet med dykk gjennom læretida.