Skjåkhallen og svømmehallen opnar
Etter endring i smittevernreglane i går opnar vi for meir bruk av Skjåkjhallen. Det er nå opna for grupper inntil 20 personar både for barn og ungdom under 20 år og vaksne. Dvs at all aktivitet både i idrettshall og svømmehall kan starte opp att frå måndag 17. januar. Det skal framleis være 1 m avstand (2m for vaksne ved intensiv trening) og maks 12 personar i garderobane.