Retningsliner for bruk av kommunale friareal i Skjåk

Formannskapet i Skjåk vedtok i 2013 retningsliner for bruk av kommunale friareal i Skjåk. Dette er retningsliner som ikkje er juridisk bindande, men innhaldet i retningslinene er forankra i anna lovverk og forskrifter.

Klikk for stort bilde

Retningsliner for bruk av kommunale friareal i Skjåk

Område

Retningslinene gjeld for kommunale friareal i regulerte områder.

Grunnlag for retningslinene

  • Gjeldande reguleringsplan med føresegner for dei enkelte områda
  • Politivedtekter for Skjåk kommune, stadfesta av politidirektoratet 27.08.2009
  • Nasjonal forskrift om sikkerhet ved lekeplassutstyr

Vegetasjon i friområda

Eksisterande vegetasjon skal bevarast i størst mogleg grad.

Tre som står nære nabogrense kan fjernast i samsvar med grannelova, etter avtale med kommunen. Evt. rydding av vegetasjon på friareala skal avklarast med kommunen. Det kan tillatast tynning av skog, hogging av daude og sjuke tre, fjerning av vegetasjon langs stigar m.v.

Bygningar på friområda

Reguleringsplanane tillet normalt ikkje bygging på friområda. Det kan tillatast mindre bygg for leik og idrett som ikkje er til hinder for bruk av området som friområde. Slike installasjonar skal normalt oppførast av organisasjonar, velforeiningar el. tilsvarande.

Etter søknad kan kommunen tillate bygging av gapahukar m.v. inntil 15 kvm. Installasjonane må ikkje koma i konflikt med kulturminne, turstigar, vassdrag m.v. Før slike installasjonar blir oppført skal saka vera avklara med næraste naboar.

Leikeapparat m.v.

Etter søknad kan det oppførast leikeapparat og utstyr for idrettsaktivitet. Slike installasjoner skal normalt oppførast av organisasjoner, velforeiningar el. tilsv. Ved søknad skal det gå fram kven som er ansvarleg for oppføring og vedlikehald av installasjonane. Leikeapparat skal tilfredsstille gjeldane krav til slikt utstyr, jf. nasjonal forskrift.

Bruk av friareal som lagringsområde

Bruk av kommunalt friareal for lagring av ved, utstyr m.v. er ikkje lov.

Arrangement og tilstellingar

Friareal kan nyttast til mindre arrangement og samlingar som ikkje medfører sjenanse for naboane i området.
Tilstellingar som medfører ulemper for naboer er eit ordensproblem og blir handheva av politiet.

Kontakt

Inga Gudrun Hyrve
Beredskap og plan
Telefon 402 16 514