Situasjonsrapport vårflaum i Skjåk

Skjåk kommune fylgjer kontinuerleg med på situasjonen. Her frå Signegarden i dag 22. juni.

Ottaelva ved Signegarden i Bismo Skjåk kommune   

 

Grunna flaum så blir gang- og sykkelvegen på strekninga Aurmo – Garvarstugu stengt for all trafikk som eit førebyggande tiltak. Skjåk kommune ber alle om å respektere mellombels stenging.

Vi åtvarar alle til å halde seg unna elvekantar og vassdrag. Det er fare for at elvekantar/skråningar kan rase ut.

Alle vassverk fungerer som normalt.

Skjåk kommune fylgjer kontinuerleg med og overvakar situasjonen i Skjåk. Vi vurderer situasjonen løpande.

Nokre bilete frå i formiddag