Skjåk kommune ønskjer oversikt over tilgjengeleg personell - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Skjåk kommune ønskjer oversikt over tilgjengeleg personell

Dette gjeld altså for arbeid knytt til koronaviruset

Vi ønskjer å kartleggje personar i Skjåk som kan bistå i ulike oppgåver slik at kommunen kan oppretthalde drift sjølv om mange av våre tilsette skulle bli sjuke. 

Dette gjeld spesielt personar med helsefagleg utdanning eller erfaring.

Alderspensjonistar kan jobbe med koronakrisen utan å tape pensjon. Regjeringa lempar med umedelbar verknad på reglar slik at pensjonerte sjukepleiarar og andre i nødvendige yrkesgrupper kan jobbe utan å få pensjonen redusert. Regelen gjeld frå fredag 13. mars og fram til 1. november, og altså for arbeid knytt til koronaviruset.

Dersom vi kjem i ein situasjon med mangel på personell, tek vi direkte kontakt med deg. 

For å halde oversikt over alle som ønskjer å bidra, så må alle registrere seg via skjemaet under.

Ordna forhold i kommunen: Kommunen vil ta kontakt med dei som er aktuelle. Jobb i kommunale helseinstitusjonar inneber lønn, samt å vere dekka av kommunen sine forsikringar. Alle må kunne vise politiattest.

Har du spørsmål så ta kontakt med Elin Bakke på telefon 997 56 690 eller e-post elin.bakke@skjaak.kommune.no.

Kontakt

Elin Bakke
Leiar organisasjon og utvikling
Telefon 61 21 70 00
Mobil 997 56 690