Ulykkesmarkering i Skjåk

Klikk for stort bilde

Oppland fylkes trafikksikkerhetsutvalg (FTU) arrangerer ulykkesmarkering i Skjåk tysdag 8. januar 2019
kl. 17.00 i Skjåk til minne om dei som omkom i trafikkulykker i Oppland i 2018.

Ulykkesmarkering i Skjåk

Oppland fylkes trafikksikkerhetsutvalg (FTU) arrangerer ulykkesmarkering til minne om dei som omkom i trafikkulykker i Oppland i 2018. Markeringa skal også vera ei støtte for pårørande, trafikkskadde og yrkespersonell som til dagleg arbeider med trafikkulykker. Markeringa blir i år gjennomført i samarbeid med Skjåk kommune og Den norske kirke.
FTU si viktigaste oppgåve er å sjå til at fylket driv eit målretta trafikktryggleiksarbeid gjennom fysiske tiltak, opplæring og haldningsskapande arbeid. Utvalet skal også koordinere offentleg og privat verksemd innanfor trafikktryggleiksområdet. For å synleggjera kor mange som omkom eller vart skadde i trafikken i fylket i 2018 vil det bli tent eit lys for kvar av dei langs vegen.

Program finn du her (PDF, 589 kB)