Barneverntenesta
«Barneverntenesta er ei interkommunal teneste for Sel, Lom, Skjåk og Vågå»
Oppgåvene til Barneverntenesta er å ta vare på barn som er utsett, og å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp og omsorg til rett tid.
Tenesta har tilgang på lokale i Lom, Skjåk og Vågå. I Vågå vil det vere fast bemanning kvar onsdag, i Skjåk kvar tysdag og i Lom kvar fredag. Hovudkontoret er på Otta og leiar for tenesta er Kristin Kalbakk.
Samarbeid og organisering av tenesta
Barneverntenesta heiter «Barnevernstjenesten for kommunene Sel, Vågå, Lom og Skjåk». Samarbeidet er organisert som eit administrativt vertskommunesamarbeid med Sel kommune som vertskommune for kommunane Vågå, Lom og Skjåk, forankra i kommunelovens § 28-1.b. Tenesta er operativ frå 1. april 2019.
Føremålet med samarbeidet er å samordne tenesta i kommunane for å styrke og utvikle ei robust barnevernsteneste og gje meir spesialiserte og fleire tenester til innbyggjarane.
Barnevernet vil leggje til rette for å unngå skifte av kontaktpersonar i dei ulike kommunene så langt det let seg gjere.
Bekymringsmelding til barnevernet
Lastned Bekymringsmelding til barnevernet (PDF, 17 kB). Det er òg mogleg å skrive ei melding utan dette skjemaet, evt ta kontakt på telefon. (Sjå kontaktinformasjon)
Kontakt oss
Ei oversikt over dei tilsette (PDF, 130 kB) med kontaktinformasjon.