Korleis kan vi saman få til auka verdiskaping for reiselivsbedriftene i Skjåk?
Skjåk kommune oppfordrar reiselivs- og opplevelsesbedriftene i Skjåk til å ta del i ein brei og inkluderande diskusjon om korleis vi saman kan arbeide for å styrke reiselivet og reiselivsbedriftene i Skjåk.
Bakgrunnen for prosessen er eit ønske om å legge til rette for auka verdiskaping for næringa, med ei samla og sterk reiselivs- og opplevingsnæring, enten det handlar om Skjåk som eige destinasjon eller å dra meir nytte av Skjåk sin unike posisjon mellom aust og vest, og midt mellom og i nærleiken av fleire nasjonalparkar.
Denne prosessen er eit forstudie og fase 1 i ein mogleg «Masterplan for Reiselivet i Skjåk».
Masterplan for reiselivet
I ein Masterplan kan reiselivet m.a. definere kva Skjåk er, og skal vere som destinasjon, og å stake ut både ein førande kurs og konkret handlingsplan for utviklinga av reiselivet i kommunen.
Med å skape ein heilskapleg plan med felles retning og visjon for heile reiseliv – og opplevingsnæringa i Skjåk, kan ein lettare komme til måla og komme enda lengre.
FASE 1 - Forstudie
I den innleiande fasen til masterplanarbeidet skal vi lytte til kvarandre og hente inn kunnskap som skal vere grunnlaget for samarbeidet videre. Ved å kartlegge nå-situasjon, forutsetningar og ressursfundament i reiselivet, er ambisjonen denne våren å finne utfordringane vi kan ta tak i saman, og dei moglegheitene vi saman ynskjer å gripe. Forstudiet skal ta utgangspunkt i det rike reiselivet vi allereie har i Skjåk og legge til rette for ein berekraftig utvikling i takt med gjestens behov – nå og i framtida.
Forstudien gjerast i samråd og dialog med Næringsnettverket i Skjåk og i samsvar med alt det gode arbeidet som nå gjerast for auka dialog og samarbeid i næringslivet i Skjåk som heilheit.
Skjåk Kommune er prosjekteigar og Skåppå AS er engasjert som prosjektleiar og ansvarleg for sluttrapport og leveranse.
Varigheit er frå april-juni og vi ber dykk halde av dato/tid:
Samling 1
- Dato: 24. april 2024
- Sted: Kommunestyresalen
- Tidspunkt: kl. 18–20
Program for kvelden
- Innleiing ved Skjåk Kommune, Sølvi Lemstad Hiller og Kristin Smågård
- Fagleg kvarter med Skåppå
- Runde rundt bordet
- Arbeidsverkstad
- - Pause med kaffe og kaku
- Arbeidsverkstad
- Oppsummering av arbeidsverkstad og plan framover
Samling 2:
- Dato: 30. mai 2024
- Sted: Kommer
- Tidspunkt: kl. 18–20