Bedriftsportrettet- TINE Meieriet Lom og Skjåk

TINE Meieriet Lom og Skjåk, tidlegare Lom og Skjåk dampysteri, er 93 år i år. På innsida er det ei svært ungdommeleg verksemd. Her går tradisjon hand i hand med innovasjon.

Eit skinande fyrtårn ved grensestolpen.

TINE Meieriet Lom og Skjåk, tidlegare Lom og Skjåk dampysteri, er 93 år i år. På innsida er det ei svært ungdommeleg verksemd. Her går tradisjon hand i hand med innovasjon.

 

 
Som mange sikkert hugsar, var bedrifta både sliten og nedleggingstrua i 2011. Grunna iherdig arbeid frå mange, lokalpolitikarar og eldsjeler, vart den gamle og tradisjonsrike bedrifta redda. Og ikkje berre redda. Tine har investert over 13 mill. kroner i opprusting, modernisering og nytt utstyr, slik at ysteriet nå er ei framgangsrik bedrift med moderne produksjonsutstyr.
18 tilsette produserer det summe kallar brunost men som gudbrandsdølane kallar raudost. Det er utvikla ulike variantar og desse går il heile Norge og til den store verda, til Amerika, Sverige, Japan og Tyskland.
 
Mykje har skjedd sidan Anne Hov fann opp rauosten. Ho fekk Kongens fortenestemedalje i gull for dette i 1937.
I Lom og Skjåk vart det etablert ei ystebedrift basert på mjølk frå lokale gradbrukarar. Delar av verksemda er i det gamle verkstadbygget frå 1924, og verksemda har vore påbygd og ombygd fleire gonger. All produksjon er på ei flate, noko som har vore nødvendig der det ligg klemt inn mellom fjellet på eine sida og elva på den andre. Mange har hatt arbeidsplassen sin her opp gjennom åra. Tidlegare var det også eit internat, og mange unge gutar la friarturane sin til ysteriet i håp om at ei av jentene kunne vere eit godt kjerringemne.
 
TINE Meieriet Lom og Skjåk er i dag ei innovativ og nyskapande bedrift. Det er etablert ei ny produksjonsline for nye produkt, enten det er Bestemorost, Skiqueen, Carramore og Julebrunost.  Men også dei gamle og tradisjonsrike namna som G35 og Heidal-ost er i produksjon. I 2018 går det ut over 1150 tonn ost i året frå ysteriet. Det mange kanskje ikkje veit, er at Ysteriet har overteke produksjonen av søst og gomme frå ysteriet i Ørsta.
 
Verksemda ved Ysteriet har store ringverknader for lokalsamfunnet. For at verksemda skal gå, brukar dei lokale verksemder som Ottadalen Installasjon, Skjåk Energi og lokale transportselskap.
 
Jens Hagen har vore sjef for Ysteriet sidan desember i 2010. Han kunne ha vore pensjonist, men har ikkje tenkt å gje seg enda. Til det skjer det for mykje spennande i huset på grensa mellom Lom og Skjåk. Tine viser at dei vil satse på denne bedrifta med dei lange tradisjonane i Ottadalen. Nye produkt og nye marknader gjer at framtida ser ljos ut. TINE Lom og Skjåk nyttar framleis dei gamle grytene for å koke ost, som einaste i heile landet. Dette er ein av grunnane til at produksjonen av gomme og søst vart fløtt til dette anlegget. Men Jens beskriv ein kvardag i 2017 som er langt unna slik dei som arbeidde på ysteriet på 50- og 60-talet kanskje hugsar.

I dag er det elektronikk som driv produksjonen. I prinsippet går det an å spore kvar enkelt ost som går ut frå matbordet heime til produksjonen på ysteriet. Det er svært strenge kvalitetskrav, og alt må dokumenterast. I 2016 var det heile 5 store revisjonar av anlegget.  Etter eit internkontroll besøk frå Amerika måtte dei fjerne ei buske som sto ved inngangsdøra til anlegget. Her kunne slangar og øgler gøyme seg, må veta. Slikt må til for at den amerikanske marknaden skal kjenne seg trygge på kvaliteten på osten frå Skjåk.

God kvalitet er den viktigaste grunnen til at Ysteriet ha bestått, meiner bestyraren. Det heng mange diplom og medaljar på veggane i anlegget som vitnar om at kvalitet og stoltheit for produktet til alle tider har stått høgt hjå dei tilsette.
 
Når raudosten kjem på bordet saman med godt brød, mjuk – og hardbrød, så tenk på at denne har gått ut frå produksjonslina på ysteriet.
 
For verksemda på grensa ser framtida ljos ut.
Fotograf: ES Fotograf: ES Fotograf: ES Fotograf: ES
Fotograf: ES Fotograf: ES Fotograf: ES Fotograf: ES
Fotograf: ES Fotograf: ES Fotograf: ES Fotograf: ES
Fotograf: ES Fotograf: ES Fotograf: ES Fotograf: ES
Fotograf: ES Fotograf: ES Fotograf: ES Fotograf: ES