Bedriftsportrettet - Stryvo Bismo

(artikkel frå april 2016)

 «Trusted partner for future solutions» er visjonen til Stryvo- gruppen. I denne bransja er det vanleg å nytte engelsk som forretnings språk, seier dagleg leiar Per Kåre Holmøy. På godt norsk betyr det noko slik som at målet deira er å vere ein trygg og god forretningspartnar for kundane for framtidige løysingar. Kundane til Stryvo er olje- og gassbransja, vasskraft industrien, og elles alle andre som treng noko innafor plater, sveis og prosessanlegg. Stryvo Bismo er ei av landets fremste på maskinering av metall og stål.

Veks i nedgangstider

Stryvo Bismo overtok bedrifta i 2014, og har sidan den gongen totalrenovert administrasjonsbygget og skifta ventilasjonsanlegget på anlegget. Det er rydda og ruska over heile anlegget. Det som er gledeleg er at bedrifta veks, trass dårlege tider i oljebransjen. Lav kronekurs gjer at det blir verre for utanlandske konkurrentar å ta jobbar i Noreg. Ein annan suksess faktor,  er at Stryvo Bismo har satsa på å bygge opp ei solid salsavdeling. Dei har jobba intensivt med marknadsføringsarbeid innafor feltet fornybar energi. Resultat frå dette syner seg nå med aukande mengde oppdrag. Det siste nå er at dei leiger ein stor hall på Fiskåholmen som Ulstein verft la ned aktiviteten på i fjor. Stryvo kan såleis bygge store anlegg og prosesspakkar i Bismo, og demontere dei  slik at dei kan fraktast gjennom tunnelane og ut til Fiskåholmen for så å bli monterte saman att der.

Kompetente medarbeidarar og lokalt eigarskap

Dagleg leiar, Per Kåre Holmøy, skryt av arbeidsstokken sin. Her er det opparbeidd eit godt rykte om at det som blir produsert er av god kvalitet, dei er til å stole på, og har høgt kompetansenivå og erfaring i å levere det som kundane etterspør. Stryvo kan vere med i prosessar frå A til Å. Frå design, prosjektering, produksjon, montasje og dokumentasjon.  Andre felt som Holmøy dreg fram som styrker Stryvo Bismo er at arbeidstokken brenn for bedrifta. Det er lokalt eigarskap, og vilje til å satse og vekse. Han kallar dei ambisiøse og risikovillige, men på trygg grunn.  For tida er det 4,5 årsverk i administrasjonen, 7,5 i produksjonen og 4 innleigde sveisarar med høg kompetanse. Desse er det umogleg å få tak i lokalt. Dette kan vere noko å tenke på for unge skjåkværer som lurar på kva for utdanning dei skal ta. For tida har dei ein lærling som skal opp til fagprøve i sommar. Det er aktuelt å ta inn fleire lærlingar, seier Holmøy.  Målet er å kome opp i rundt tjue tilsette og 40 millionar i omsetnad. Budsjetter i år er på 32 millionar mot 15 millionar i fjor. Dette er tal som snakkar for seg sjølv.