Næringsavdelinga med annonse i russeavisa 2021

Slik ser annonsen ut. Trykk på annonsen for større bilete.

I samband med spørjeundersøkinga og det pågåande strategiarbeidet, brukte vi på næringsavdelinga nokre sitat frå spørjeundersøkinga (frå ungdommen) til å lage ei annonse i årets russeavis, "Lomen 2021". Saman med annonsen er også ei helsing frå ordførar Edel Kveen på vegne av alle politikarar i Skjåk.

Undersøkinga har gjeve folk moglegheit til refleksjon og til å kome med det dei har på hjarte om framtida i Skjåk (sjå snakkebobla) . Om lag 550 personar svara på spørjeundersøkinga som er ein del av strategiarbeidet.