Fallvilt

Ved viltulykke skal trafikantar varsle politiet ved å ringe 02800 eller 112

Ved viltulykke skal trafikantar varsle politiet ved å ringe 02800 eller 112. Politiet varslar fallviltgruppa i kommunen som rykker ut til alle tider på døgnet for å gjennomføre ettersøk og eventuelt avlive skada storvilt.

 Fjerning av daudt vilt som ligg i eller rett ved vegbana er vegeigar sitt ansvar. Gjeld det riks- eller fylkesveg kan ein ringe 175 for å varsle. Daudt vilt som ligg i naturen kan ligge og brotast ned på naturleg måte. Det er også tillate å bruke daudt vilt til åte. Dersom det gjeld hjortevilt eldre enn eit år skal det vere teke CWD-prøve med negativt resultat før det blir brukt til åte.

 Vi ynskjer melding om daudt storvilt som blir funne – ta kontakt med naturforvaltar på tlf: 48190145

 I samband med storviltjakt har jeger og jaktlag varslingsplikt til kommunen i ein del tilfelle. Ta i så fall kontakt med naturforvaltar i kommunen på tlf 481 90 145.

Fallviltpersonell i Skjåk

Fallviltpersonell i Skjåk
Navn Mobil
Odd Ivar Bakken 481 32 974
Morten Brekkum 976 19 134
Leif Egil Rustad 913 29 851
Arnstein Fjerdingren 913 57 036
Ove John Plassen 474 52 125
Tor Taraldsrud 481 90 145
Ola Løkken 971 94 015
Kolbjørn Soglo 900 64 044
Hans Erik Kveum 957 06 787
Vidar Vange 913 57 038
Tore Eiesar 479 60 170

 

Bilde av rådyr som krysser bilvei - Klikk for stort bilde AdobeStock.com

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145