Open brannstasjon med Bjørnis besøk

Bjørnis Fredag 23. september kl 17-19 er store og små er hjerteleg velkomne til ein triveleg ettermiddag på brannstasjonen i både Lom og i Skjåk.

Det vil bli ulike aktivitetar, bla. ei kunnskapsløype om brannvern med fine premiar, spyling med brannslange og brannbilkøyring. 
Sist, men ikkje minst vil oss i år få besøk av sjølvaste "brannbamsen Bjørnis"
Bjørnis vil besøkje Lom brannstasjon kl. 17.15, og Skjåk brannstasjon kl. 18.15.

Det vil bli servert saft og boller, samt kaffe til dei vaksne. Representantar frå Hjelpekorpsa vil også bli å treffe på brannstasjonane denne ettermiddagen.

Vel møtt til store og små!