Vinteren er høgsesong for bustadbrannar  – test røykvarslaren 1. desember

I Lom kommune/ Skjåk kommune har det dei siste fem åra vore 4 bustadbrannar. Røykvarslaren reddar liv. Test røykvarslarane og byt batteri ved behov på Røykvarslardagen 1. desember. 
 

Alle kan bli betre til å tenkja branntryggleik. Det viktigaste du kan gjer for branntryggleiken i heimen, er å sjekke at alle røykvarslarane i bustaden verkar som dei skal, og at dei kan høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er lukka. 

Alle må ha minst éin røykvarslar i kvar etasje. Røykvarslarar bør testast jamnleg og kvar gong du har vore bortreist over lengre tid. Det klart beste er å ha seriekopla varslarar.

Levande lys, peiskos, bruk av komfyren og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula,  særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å teste røykvarslarane og å byte batteri på Røykvarslardagen 1. desember. 

Det er fleire forskjellige typar røykvarslarar. Nokre har ein «test»-knapp som ein kan trykkja på for å sjekka om det kjem pipelyd. Andre har eit brannalarmanlegg som seier i frå automatisk viss ein må byte batteri. Finn ut av kva for ein type du har heime, test røykvarslaren og byt batteri viss det er behov for det.

Røykvarslardagen er eit fleirårig samarbeid mellom Brannvernforeningen, Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, Det lokale eltilsyn, brannvesenet og Gjensidige.

På 
røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som gjer branntryggleiken betre.