Prehospitale tenester
Prosjektet går ut på at det i Norddalen skal vere ein ambulerande, bemanna legevaktbil med paramedic. Denne skal vere i dialog med legevakt, med mål om å få ned talet på innleggingar på sjukehus og behov for legevaktbesøk.
Prehospitalt team og akuttbilen skal fungere som eit supplement til eksisterande prehospital beredskap – dei ordinære ambulansane. Akuttbilen blir bemanna av ein paramedic eller vidareutdanna ambulansepersonell og legevaktslege ved behov. Bilen skal rykke ut etter utkall frå legevakt og AMK.
Tilbodet vil bli nytta i tilfelle der det ikkje er openbart behov for ambulanse.