Bærekraftig reisemål

Reisemålet Nasjonalparkriket har fått tildelt Merket for bærekraftig reisemål.

Skjåk er ein del av Nasjonalparkriket reiseliv, saman med Vågå, Sel, Dombås og Lesja. I 2023 oppnådde vi Merket for bærekraftig reisemål.

Merket for Bærekraftig reisemål er eit verktøy for reisemål som ønskjer å jobbe langsiktig og fokusert med bærekraft i reiselivet. Å jobbe med bærekraftutfordringar i reiselivet krev eit auge både på heilheita og detaljane på eit reisemål. 

Måle, forbetre og formidle. Målet med merkeordninga er å tilrettelegge for at Nasjonalparkriket Reiseliv AS og kommunane saman kan måle, forbetre og formidle sitt arbeid for auka bærekraft i reiselivet gjennom testa og tilrettelagte verktøy.

Å gjere bærekraft konkret og operativt gjennom ein standard. Alle sertifiseringar har ein standard som dannar grunnlag for kontroll og godkjenning av dei som skal oppfylle standarden. Innhold og innretning i standardane kan variere noko, men ofte gir globale bransjekrav eit minstekrav til innhald. Standarden fungerar som ei konkret arbeidsliste og fokus for eit utviklingsarbeid.