Kven skal få Skjåkprisen og Kulturstipend for 2023?

bilde fra Skjåkkveld i 2021 - Klikk for stort bildeSkjåk Rockers på Skjåkkvelden i 2021 Skjåk kommune

Kjenner du nokon som fortener ei merksemd som Skjåkprisen eller Kulturstipend? Send inn ditt forslag via skjemaet nedst i saka innan 1. oktober!

Kven skal få Skjåkprisen og Kulturstipend 2023? 

SKJÅKPRISEN

Prisen skal vera ein honnør for utført verksemd som har betydd mykje for bygda og sett Skjåknamnet i fokus på ein positiv måte. Prisen skal femne vidt, og kan tildelast innafor områda: kunst og kultur, idrett og fritid, handverk og industri, natur og miljø, samfunnsengasjement, næringsliv m.m.
Prisen kan delast ut til enkeltpersonar, grupper, organisasjonar eller verksemder. Kandidaten må bu/halde til i Skjåk, eller på annan måte ha tilknyting til kommunen.
Skriftleg forslag på kandidatar med grunngjeving sendast til Skjåk kommune, Servicetorget, 2690 Skjåk, eller på e-post: post@skjaak.kommune.no eller send inn ditt forslag via skjemaet nedst i saka.  

Frist for innsending er 1. oktober 2023.

KULTURSTIPEND

Siktemålet med stipendet er å hjelpe fram personar med evner/interesser på område innafor det utvida kulturomgrepet. " Det utvida kulturomgrepet omfattar både det tradisjonelle området: litteratur, kunst og kulturvern, ungdomsarbeid og idrett, men også skapande fritidsverksemder der ein kan vise eigne anlegg og interesser"

  • Det kan søkjast på stipendet
  • Det kan fremjast forslag på kandidatar til stipendet

Kandidaten må bu/halde til i Skjåk eller ha anna tilknyting til kommunen.
Skriftleg søknad/forslag med grunngjeving sendast til Skjåk kommune, Servicetorget, 2690 Skjåk, eller på e-post: post@skjaak.kommune.no , eller send inn ditt forslag via skjemaet nedst i saka. 

Frist for innsending er 1. oktober 2023.

Ved spørsmål: Kontakt Skjåk kommune v/Marianne Stensgård på tlf 90941702  eller epost: marianne.stensgard@skjaak.kommune.no

 

Kandidatforslag til Skjåkprisen og kulturstipend


 

Kontakt

Marianne Stensgård
Kultur og omdømme
Telefon 61 21 70 00
Mobil 909 41 702