Ryddedugnad langs med vassdraga i Skjåk

AdobeStock_266758963 - Klikk for stort bildeRyddedugnad i Skjåk/AdobeStock foto

Skjåk kommune ynskjer å motivere skuleklassar, lag og foreiningar til å rydde og har ein økonomisk pott på om lag kr 90.000,- som blir fordelt å dei som bidreg.

PS: Det er att plass (og middel til godtgjering) for eit lag til på strekningen Soglo – Lom grense

Skjåk kommune arrangerer ryddedugnad

Ryddedugnaden skjer frå måndag 24. april og fram til og med måndag 1. mai. Avfall som ein finn under ein slik ryddedugnad blir normalt sortert som restavfall. 
Det blir utplassert konteinarar for restavfall i Bismo (ved brannstasjonen) og ved Dønfoss (Bruvoll) (sjå skisse nedst). 

Dei som bidreg med rydding får godtgjering

Dei som bidreg med rydding får godtgjering pr dugnadsverk. Eit dugnadsverk (kr 600,-) er ein person i tre timar. Det blir gjeve maks kr 8.000,- pr lag / foreining / skuleklasse. Enkeltpersonar kan også delta, dei kan sjølv avgjere kva lag / org dei ynskjer å gje dugnadsgodtgjering til. Påmelding på førehand til Kristen.Haugen.Dagsgard@skjaak.kommune.no /tlf: 454 73 683 og rapportering om dugnadsinnsats etter gjennomført rydding. Gi informasjon om kva område du ynskjer å rydde i. 

Deltakarar kan hente søppelsekkar og hanskar i servicetorget på kommunehuset til rydding. Gi melding om kva lag/org du representerar så får du utlevert utstyr. Avfallet som blir samla inn må deltakarane sjølve transportere til konteinarar, miljøstasjonen eller leverer det saman med eige restavfall.


 

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145