Skjåk Helsestasjon med vellukka videosamtale for foreldre

 I går gjennomførte Skjåk Helsestasjon ein videosamtale med foreldre etter invitasjon som vart lagt ut her på heimesida og på Facebook 

Det blei ein vellukka samtale med 8 deltakare. Skjåk Helsestasjon skriv vidare: "Det var eit ønskje om fleire slike litt uformelle pratar samt informasjon. Derfor kjem vi til å fortsette med dette tilbodet etter Påske. Vi er ikkje heilt stødige på dette med virtuelt møterom og slik enda, men erfaringa i dag var utelukke positiv. Har også i etterkant fått positiv attendemelding på dette. Her delte foreldra erfaringar og kom med råd og tips til kvarandre. 

Bakgrunn for samtalen:

Kvardagen har endra seg for oss alle, særleg for deg som har barn i hus. Å vere heime med barn i desse koronatider kan vere både svært triveleg og strevsamt.
Har du barn i Skjåk, ja da ønskjer vi å invitere deg til ein uformell foreldreprat, både for å utveksle erfaringar med andre føresette og rettleiing i ei meir utfordrande tid.