Er du interessert i å lære meir av kva som gjev tryggheit for ditt barn?

Circle Of Security Parenting kurs vår 2017 (COS-P) 

Er du interessert i å lære meir av kva som gjev tryggheit for ditt barn?
Da kan kurs i tryggehetssirkelen/Circle of securtity parenting (COS-P) væra noko for deg. Har du barn i alderen 0-5 år så har du nå moglegheit til å være med på kurs.

Tryggheit er viktig for utvikling av empati, vennskap og god sjølvkjensle. Trygge barn opplev også meir glede saman med sine foreldre og søkjer oftare hjelp hjå foreldra/føresette når dei har det vanskeleg. Dette kurset har fokus på at foreldra/føresette i kvardagssituasjonar kan skape tryggheit, gjennom samtidig å møte barnet sine emosjonelle behov og sette grenser.
Kurset er basert på eit ferdigutvikla DVD- materiell og foregår i gruppe. Dykk vel sjølv kor mykje dykk ynskjer å dele i gruppa.
 

Kursstart:

Kurset startar opp 27.02 kl 15:00. Dersom tidspunktet er upraktisk gje attendemelding så skal vi prøve endre på dette. Kursdagar er: 

  • 27.02, 06.03, 13.03, 20.03, 03.04, 10.04
  • Det er fyrstemann til mølla prinsippet.
  • Maks 15 kursdeltakare per kurs.
Vi oppfordrar begge foreldra til å delta - men det er ikkje eit krav. Vi gleder oss til å starte opp att med COS-P kurs.

Ta kontakt dersom du har spørsmål.
Påmelding til tlf., 902 41 735 per SMS eller tlf.
Venleg helsing Skjåk helsestasjon

Kontakt

Eli Skjåk Teigum
Tenesteleiar/helsesjukepleiar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 902 41 735

Tenesteleiar for helsestasjon, jordmor og legekontoret.