Ståk i Skjåk 1. juni 2019 - Skjåk kommune

Viktig melding

Friskus aktivitetskalender - oversikt på aktivitetar og arrangement i Skjåk!

Skjåk kommune har no teke i bruk aktivitetskalenderen Friskus.

Alle lag, organisasjonar og andre som tilbyr aktivitetar i kommunen kan opprette ein arrangørprofil og legge inn sine arrangement i kalenderen.

Gå til aktivitetskalender

Eg vil vite meir om Friskus aktivitetskalender

 

Ståk i Skjåk 1. juni 2019

Ståk i Skjåk er ei brei mønstring av lokalt nærings-, organisasjons- og kulturliv. Målet er at alle – både eigne innbyggjarar og tilreisande, unge som gamle - skal finne noko interessant å delta på. 

Velkomne til Ståk i Skjåk: Her brukar det å vere mykje folk, god stemning og fint vêr.

Ståk i Skjåk for 13. gong i 2019

Arrangementet har vore ein flott tradisjon i mange år. Målet er at handelstand, anna næringsliv, samt lag og foreiningar får moglegheit til å vise seg fram og syne kva bygda har å by på.

Ståk i Skjåk er ein marknad med lokale produkt. Dokkevogn- og tråtraktorparaden er av dei faste høgdepunkta.

Ståk i Skjåk blir til på dugnad

Har du/di bedrift/lag/organisasjon noko dykk ønskjer å bidra med? Send e-post til:

  • info@skjaak.kommune.no