100% stilling som fagarbeidar - Skjåk kommune

100% stilling som fagarbeidar i Dønfoss naturbarnehage

Vi har ledig 100 % stilling som fagarbeidar i Dønfoss naturbarnehage, frå 02.01.2026 til 09.08.2026. Stillinga er mellombels, men heile eller deler av stillinga kan bli fast.

Er du ein trygg og engasjert vaksen som brenn for barn sin leik, utvikling og trivsel? Har du lyst til å vere med på å forme framtidas barnehage i ei bygd der naturen er ein del av kvardagen? Vi søkjer deg som vil vere med på utviklinga av vår etablerte naturbarnehage. I Dønfoss står nærleiken til naturen i sentrum – med vekt på tur, leik og læring ute året rundt.

Om barnehagane

  • Dønfoss naturbarnehage ligg ca. 10 km vest for Bismo, har to avdelingar og 36 plassar.
  • Bismo barnehage (midlertidig lokalisert ved Skjåkheimen) ligg i Bismo sentrum, har tre avdelingar på totalt 54 plassar. Ein ny sentral barnehage med fem avdelingar er under bygging i Bismo, og skal stå klar hausten 2026. Holemork barnehage blir ein del av denne. 
  • Holemork barnehage ligg 4 km aust for Bismo sentrum, har to avdelingar, og 36 plassar.

Felles pedagogisk plattform for alle barnehagane er under utvikling. Vi vektlegg godt fagleg miljø, engasjerte kollegaer, og meiningsfullt arbeid med barn i trygge og leikande omgjevnader.

Arbeidsoppgåver

  • Gje barna omsorg, tryggleik og støtte i kvardagen
  • Bidra til pedagogisk opplegg i samarbeid med pedagogisk leiar
  • Leggje til rette for leik, fysisk aktivitet og kreativ utfalding
  • Støtte barn i språkutvikling og sosial kompetanse
  • Ha god dialog og samarbeid med føresette

Personlege eigenskapar 

Vi ser etter deg som:

  • har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, men andre er òg velkomne til å søkje
  • har erfaring frå arbeid med barn 
  • har gode evner til samarbeid og kommunikasjon
  • har interesse for fagleg utvikling 
  • har gode norsk­kunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • arbeider målretta både sjølvstendig og i team 
  • trivst ute i all slags vêr
  • er engasjert i barnehageyrket
  • er interessert i digitale verktøy og har god IKT-forståing  
  • er ein trygg vaksen som ser kvart enkelt barn, deltek aktivt i kvardagen, og som er fleksibel og tilpassingsdyktig 

 Skjåk kommune ønskjer eit mangfald i personalgruppa og oppmodar særleg menn til å søkje.

Det er krav om godkjent politiattest i alle stillingar. 

Hjå oss får du

  • Tilsetting på kommunale vilkår og løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP 

Kontaktperson

For meir informasjon. Ta kontakt med styrar Heidi Jevnheim på telefon 901 93 957.

Søknad skal sendast

Alle søknader skal sendast elektronisk via vårt søkjesystem. Lenke til elektronisk søknadsskjema.
Søkjarlista vil bli offentleggjort. Dette betyr at alle søkjarar vert førte opp på offentleg søkjeliste. Skjåk kommune praktiserer meiropenheit ved tilsetjingar. Dersom du ønskjer unntak frå offentlegheit, må dette grunngjevast særskilt.

Søknadsfrist: 3. november 2025

Andre stillingar kan bli ledige, både heile og deltid.

 Kommunedirektøren

Prøvebu i Skjåk

Kontakt

Heidi Jevnheim
Konstituert styrar, Bismo og Dønfoss barnehagar
Telefon 61 21 48 32
Mobil 901 93 957