Gudbrandsdal krisesenter

Gudbrandsdal Krisesenter er eit tilbod til kvinner, menn og deira  barn som har vore eller er utsett for vald i nære relasjonar - Klikk for stort bildeGudbrandsdal krisesenter AdobeStock

Gudbrandsdal Krisesenter er eit tilbod til kvinner, menn og deira barn som har vore eller er utsett for vald i nære relasjonar.

Gudbrandsdal krisesenter

Gudbrandsdal Krisesenter er eit tilbod til kvinner, menn og deira barn som har vore eller er utsett for vald i nære relasjonar. Vald i nære relasjonar handlar om at nokon i din eigen familie, eller menneske som du har eit nært forhold til, utøvar vald. Det kan vere fysisk, psykisk, materiell, seksuell, økonomisk eller latent vald.

Skjåk kommune er knytt til Gudbrandsdal krisesenter saman med mellom anna dei andre kommunane i Nord-Gudbrandsdalen. Krisesenteret er lokalisert på Lillehammer. 

Gudbrandsdal krisesenter er mellom anna:

  • Eit døgnåpent og gratis lavterskeltilbod som både tilbyr råd og rettleiing per telefon (telefonvakt), og eit trygt og mellombels døgnåpent butilbod.
  • Lavterskel dagtilbod
  • Tilsette med kompetanse og kunnskap om voldsutsatte og deres reaksjonar, som kan møte menneske i krise
  • Har lokale som gjer det mogleg for individuell tilrettelegging for barn, kvinner og menn
  • Hjelp til å ta kontakt med andre deler av tjenesteapparatet
  • Oppfølging i reetableringsfasen

Det er utarbeidd ein regional handlingsplan og prosedyrar mot vald i nære relasjonar (PDF, 2 MB)

Kontakt oss: