Psykisk helseteneste

Psykisk helseteneste i Lom og Skjåk

Tenesta

Psykisk helseteneste i Lom og Skjåk er ei lågterskelteneste. Den er gratis og du kan sjølv ta kontakt eller få henvisning frå fastlege eller andre. I Lom har vi kontor på Gamle Loar. I Skjåk disponerer vi kontor på Skjåkheimen.
Tenesta har 4 tilsette i til saman 3.15 stillingar. Arbeidstid kvardagar mellom 08.00-15.30.

Målgruppe

Målgruppe er alle frå ungdomsskulealder og oppover som bur eller oppheld seg i Lom eller Skjåk.
Dei vanlegaste problemstillingane er angst, depresjon, stress, rus eller samansette helsevanskar som gjer at du har vanskar med å fungere godt i det daglege, både på arbeid og heime.
Livskriser, akutte hendingar/sjukdom kan gjere at du treng nokon å snakke med ang din situasjon, hjelp til å sortere, nyorientering. 
Vi kan også yte teneste til  ungdom,  frå ungdomsskulealder og oppover som  kjenner på stress, forventningspress, mistilpassing , konflikter  eller anna som grip om seg i kvardagen. 

Korleis du får kontakt med oss

Du kan sjølv ta kontakt med tenesta via telefon eller epost til leiar Håvard Å Svestad.
Fastlege kan henvise eller du kan få hjelp av andre  til å ta kontakt. 

Dette skjer etter at du har teke kontakt med tenesta

Så snart vi kan, og seinast innan 3 veker, vil du få ein kontaktperson . Vi kan tilby snarlegare avtale dersom det er bruk for det. Du får tilbod om 2-3 kartleggingssamtalar, vi gjer ei helheitleg kartlegging med fokus på psykisk helse. Du vil også få ei informasjonsbrosjyre. 

Dersom du og kontaktperson etter kartleggingssamtaler meiner at psykisk helseteneste kan bidra i endringsarbeidet ditt , vil kontaktperson drøfte din situasjon /di sak  i tenesta. Det vil i samråd med deg bli utarbeidd ein enkel behandlingsplan med mål om kva du ynskjer å endre, korleis dykk skal arbeide og tidsperspektiv/evaluering. 

Dersom du har behov for fleire tenester, til dømes frå Nav, fysioterapeut, heimesjukepleie eller andre, rår vi til å opprette ei ansvarsgruppe med ein koordinator. Dette for å sikre at tenestene dine vert samordna . 

Metodar/arbeidsmåtar

Det er du sjølv som er den viktigaste aktøren i endringsarbeid for å fungere betre i kvardagen. Brukarperspektivet legg til grunn at førebygging, kartlegging og behandling skal ta utgangspunkt i brukarens kunnskap, ynskjer og mål. 
Pårørande og nettverk  er også ein ressurs både for deg og dei ulike helsetenestene. 
 

Dei tilsette i psykisk helsearbeid i Lom og Skjåk 

  • Håvard Åmot Svestad:  fagleg og administrativ leiar. Arbeider kvar dag. Tlf 481 49 062
  • Aud Kroken: arbeider kvar dag. Tlf 480 27 261
  • Torill Jonsson: arbeider kvar dag. Tlf 959 82 596
 
 
 

Kontakt

Håvard Åmot Svestad
Leiar psykisk helsearbeid
Mobil 481 49 062