Førebyggande

  

Førebyggande arbeid er grunnstein i tryggleiken vår. Det er difor viktig at kvar og ein av oss bidreg til å førebygge og hindre ulykkar og kriser i samfunnet. Brannvesent jobbar for å skape gode haldingar hjå kvar enkelt, gjennom eit aktivt informasjons- og motivasjonaarbeid til allmennheita (kampanjar, stands mm).

Lom og Skjåk brannvesen har stor også fokus på brannvernopplæring til ulike grupper i samfunnet, spesielt barnehagar og skular, men ikkje minst eldre og risikoutsette grupper. I Lom og Skjåk er det utvikla samarbeid med helsesektoren, for å ivareta denne gruppa best mogleg. Prosjektet fekk også økonomiskt støtte frå Brannløftet, og dette har resultert i blant anna montering av ekstra komfyrvakter og røykdetektorar med direktevarsling til alarmentralen, for dei som har trykkleiksalarm. Det er også eit mobilt sprinkelanlegg i kvar kommune som blir utplassert etter behov.
 
Brannvesenet driv også kursverksemd og opplæring for næringslivet.

Brannførebyggande arbeid inkluderar også tilsyn av særskilte brannobjekt og feiing/ tilsyn med alle fyringsanlegg,  
saksbehandling etter brann og eksplosjonsvernlova, samt søknad om løyve til handel med fyrverkeri.
 

Meldingar og søknader:

Alle søknadar/meldingar skal sendast til:

 

Kontakt

Atle Festervoll
Brannsjef
Telefon 61 21 70 00
Mobil 959 89 941
Unni Merete Lund
Branninspektør
Telefon 61 21 70 00
Mobil 959 89 948
Bjørn Sverre Tengesdal
Feiar
Mobil 959 89 942