Om Lom og Skjåk Helsestasjon

Om Lom og Skjåk Helsestasjon

Lom og Skjåk helsestasjon vart ei interkommunal teneste frå 1.1.23, med Skjåk som vertskommune. Det er likeverdige tilbod i dei to kommunane, med kontor i både Lom og Skjåk. Brukarane står fritt til å velje kva for kommune dei ynskjer oppfølging i.

  • Helsestasjon- og skulehelsetenesta skal gje informasjon og rettleiing til barn, ungdom, føresette, gravide, samt befolkninga elles i kommunane.
  • Helsestasjon- og skulehelsetenesta er ei gratis teneste til alle frå 0-20 år. Tenesta er eit lågterskeltilbod og skal ta i vare det heilheitlege førebyggjande og helsefremmande arbeidet. Tenesta arbeider også med miljøretta helsevern, smittevern og reisevaksinering.

Teieplikt

Personalet ved helsestasjonen har teiieplikt etter helsepersonellova. Dersom andre samarbeidspartnere skal komme inn i bildet, må foreldre gjeva sitt samtykke til det.

 Kontaktinformasjon:

Artikkelliste

Kontakt

Lom og Skjåk Helsestasjon
Sentralbord
Telefon 467 00 060
Mobil 467 00 060