Frøbiblioteket

Frøbiblioteket i Skjåk - Klikk for stort bildeVelkomen til Frøbiblioteket
Frøbiblioteket i Skjåk - Klikk for stort bildeFrøbiblioteket i Skjåk
Humle i grønnsakshagen. Foto: Sigrun Eide - Klikk for stort bildeHumla nyt godt av Frøbiblioteket

Frøbiblioteket er eit tilbod til alle hobbygartnarar. Her kan du låne frø om våren, når hausten "endeleg" kjem kan du sanke frø frå plantene du har dyrka. Om du vil, kan du levere frø attende til biblioteket slik at andre kan låne dei året etter. Prinsippet er Lån-Dyrk-Sank-Levér.

Målet med Frøbiblioteket er at store og små i Skjåk skal få auka kunnskap og glede av å sjå noko spire og gro. Og kven veit? Kanskje blir det noko godt å ete av det også.

Vi gjev deg ei påminning når perioden for innhausting startar – her får du tips om korleis du skal gå fram. Fleire spennande aktivitetar og arrangement rundt Frøbiblioteket er under planlegging. Samlinga med frø blir oppdatert og utvida undervegs.

Har du frø?

Har du frø du vil dele med oss, blir vi hoppande glade. Levér frøa i skranken, og vi pakkar dei i fine frøposar.

Kanskje har du kunnskap om emnet som vi kan nytte oss av? Vi tek gjerne imot gode tips frå deg. Vi veit at det er mange flinke hobbygartnarar i Skjåk, og vi håpar dykk tek kontakt med oss. Ordninga er basert på tillit og er sjølvsagt gratis.

Ta gjerne eit bilde av det du har sådd/dyrka og del det på Instagram: #skjåkfolkebibliotek

Vi gler oss! Bli med du også!