Omdømmestrategi

Oppstart - Omdømmestrategi for Skjåk kommune

Vedlegg: 

Saksdokument

Vedtak frå Kommunestyre, sak. 97/19 Kommuneplanen sin handlingsdel med økonomiplan 2020 - 2023 og årsbudsjett 2020: 11. Skjåk kommune skal utarbeide ein omdømmestrategi og ein næringsstrategi. Kommunedirektøren skal lage eit framlegg til kommunestyret om prosessen.  Samrøystes

Kommunedirektøren har lagt fram sak om arbeid med næringsstrategi som eiga sak.

Saksutgreiing

Skjåk kommune ynskjer å vidareutvikle omdømmearbeidet. Det skal ikkje passivt overlatast til andre å danne seg et inntrykk, eit bilde av Skjåk kommune – kanskje til og med på eit sviktende eller feilaktig grunnlag. Vi skal aktivt bidra til eit positivt omdømme gjennom å bygge ein bevisst valt posisjon.

Eit positivt omdømme styrker konkurransekrafta og identiteten til kommunen.

Kommunen er både ein tenesteprodusent og eit forvaltningsorgan. Det er ulike roller som inneber fordeling av tenester og ressursar til innbyggjarane, men også å gjere vedtak med inngripande verknad for innbyggjarane. T.d. kan økonomiske rammer gjere det nødvendig å redusere nivået på tenestene for ulike grupper. Eller det kan vere nødvendig å gjere vedtak om t.d. ekspropriering av eigedom, som igjen kan føre til misnøye og negative ytringar i sosiale media eller i dagspressa. Der er mange ulike definisjonar på omdømme. Nokre felles karakteristikkar er: Det er ingen konstant størrelse, det tek tid å bygge opp og vedlikehalde, og omdømmet kan lett rivast ned. Ei kommune kan ha ulikt omdømme hos ulike målgrupper, ofte basert på økonomiske, sosiale og personlege forhold. Ein enkel definisjon er at omdømme er omgjevnadane si oppfatning av organisasjonen. 

I kommuneplanen for Skjåk kommune, er orda framsnakke, positivt omdømme og føremonnar nemnt fleire stadar. Der er ingen konkrete mål, men det naturleg å knyte arbeidet med ein omdømmestrategi mot kommuneplanen. 

Overordna stikkord for arbeidet vil vere: Forankre - Involvere – Samkøyre.

Vurdering

  • Kommunedirektøren legg her fram ei tilråding til tematisk innhald, prosess, framdriftsplan og kostnadar for arbeidet, som skal vere ferdig i løpet av hausten 2021. 
  • Kommunedirektøren vurderer at Skjåk kommune har eit godt grunnlag for å arbeide vidare med omdømme. Her er mykje positivt i Skjåk. Strategien skal peike ut retning for å formidle dette grunnlaget på ein god, positiv og framtidsretta måte.
  • Kommunedirektøren vurderer forankring, involvering og eigarskap, som dei viktigaste suksessfaktorane for arbeidet. 
  • Kommunedirektøren ser på målet om klimanøytralt næringsliv i Skjåk innan 2025 som ganske offensivt, og vurderer dette som krevjande å oppnå for delar av næringslivet i kommunen. Etter strategien er vedteken, vert arbeid via handlingsplanar reiskapen for å nå måla i strategien.

Kommunedirektøren si innstilling

Kommunestyret vedtek å starte arbeidet med Omdømmestrategi for Skjåk kommune i samsvar med Mandatet, Referansegruppe, Organisering av arbeidet, Aktivitetar / Framdriftsplan,

Kostnadar og Framdrift. 

Kommunestyret set av NOK 350 000,-. til arbeidet. Midlane vert teke frå næringsfondet og ført på kontostreng 1470 450 3293 356. Endeleg sak om omdømmestrategidokumentet skal leggast fram for politisk behandling i kommunestyret i hausten 2021.

Mandat – Utarbeiding av omdømmestrategi

Omgrepet omdømme er mykje brukt. Både bedrifter, idrettslag og det offentlege arbeidar for å skape seg eit best mogleg omdømme. Omdømmebygging for Skjåk kommune handlar om å bygge gode oppfatningar av kommunen. Hovudhensikta med å bygge og bevare eit godt omdømme er at det gir betre utgangspunkt for å lykkast og få betre resultat. 

Forsking syner mellom anna at eit godt omdømme kan bidra til meir stolte og motiverte tilsette, det blir lettare å rekruttere, ein får fleire besøkande, leverandørar vil samarbeide og journalistar er meir vennleg innstilt. Eit godt omdømme aukar attraktiviteten til kommunen, og er med på å gjere kommunen meir attraktiv for etablering av næringsverksemd og større bu-lyst.  Vidare er det dokumentert at skal kommunen betre omdømmet, er det viktig at den ikkje bygg opp falske forventningar hos interessentane. Ein stor del av suksessfaktoren ligg i kommunens åtferd, kommunikasjon og kommuneorganisasjonens evne til å etablere gode relasjonar med omverda. Det er viktig å samordne kommunen sin kommunikasjon slik at alle arbeidar mot same måla, slik at omgjevnadane opplever eit konsistent bilde. Det tek tid å bygge opp og vedlikehalde eit godt omdømme, og det gode omdømmet kan lett rivast ned. Ei verksemd kan ha ein identitet, den kan moglegvis konstruere eit image (inntrykk), men omdømme er noko ein gjer seg fortent til, altså resultatet av alt verksemda gjer.

Cand. mag Børge Berglund (2469 reiselivsutvikling) har leia arbeidet med fleire store strategiar, både nasjonale, regionale og kommunale. Han seier at ei kommunen skal arbeide med omdømmet for å:

  1. Styrke kommunen/regionen som bustadkommune, spesielt for unge. 
  2. Styrke evna til å tiltrekke seg attraktiv arbeidskraft .
  3. Styrke marknadstilgangen for produkt og tenester som produserast i kommunen.
  4. Auke kommunens attraktivitet som reisemål. 
  5. Auke kommunens attraktivitet som område å investere i. 
  6. Oppnå betre forståing og gjennomslagskraft for kommunens standpunkt i regional og nasjonal politikk.

Arbeidet med omdømmestrategien skal munne ut i forslag til satsingsområder med nokre hovudgrep for det framtidige omdømearbeidet i Skjåk kommune.  

Tidlegare omdømmearbeid i Skjåk kommune

Ulike utval har opp gjennom åra løyvd tilskot til omdømmearbeid. I blant har det vore til innkjøp av gåve- og profileringsartiklar, andre gonger har det vore til deltaking på arrangement i regi av regionrådet og andre. Felles for desse satsingane er at dei er konkrete, men ikkje tilstrekkeleg systematiske til at ein kan seie at det har vore snakk om ein omdømmestrategi. 

Kommunestyret vedtok 14.12.2012 ein omdømmestrategi basert på ein rapport frå Inmedia AS, med følgjande innhald:  

  1. ei næringsstrategi, med fylgjande tiltak: 
    • Skjå-kompetanse
    • Skjåk-landet
    • Smak av Skjåk
  2. ei sentrums og bustadsutviklingsstrategi, med fylgjande tiltak: 
    • Bismo – sentrum i Skjåk-landet
    • Bu godt i Skjåk
  3. ei omdømestrategi, med fylgjande tiltak: 
    • organisasjonsutvikling og kommunikasjonsprogram for Skjåk kommune: «vi skapar                vårt omdøme».
    • Skjåkprofilen – den visuelle synleggjeringa av Skjåk sine verdiar og mål, ein grafisk                profil som kommune, næringsliv, lag og organisasjonar har lyst til å bruke.
    • Skjåk-kampanjen – PR-tiltak om Skjåk kommune
    • Stopp-effekt i Skjåk-landet
    • Skjåk-magasinet
    • Sats på Skjåk"

Arbeidet med desse tiltaka var knytt til Skjåk arrangement, seinare Skjåk utvikling, som vart avvikla i slutten av 2015. Det var lagt mykje arbeid ned i strategien, den var omfattande og relativt ambisiøs. Det har ikkje vore noko evaluering av dette arbeidet. I arbeidet med ein ny strategi vil det vere interessant å sjå på den som allereie er vedteken, korleis vart det arbeida, kva som er oppfylt, kva som har fungert og kva som ikkje har fungert. Ei hypotese er at planarbeidet skapte engasjement, kreativitet og skaparlyst, men at oppfølgingsarbeidet ikkje var godt nok fundamentert i form av konkrete tiltaksplanar. Det er også eit spørsmål om dei føreslåtte tiltaka var godt nok forankra i heile kommunen og kommuneadministrasjonen. 

Føringar for arbeidet:

  1. Det skal utarbeidast eit forslag til omdømmestrategi som skal vere hovuddokumentasjon og grunnlaget for all kommunikasjon-, informasjon- og omdømmearbeid i Skjåk kommune. Strategien skal gje grunnlag for å sikre best mogelege avgjersler for omdømmebygging som påverkar alle interessentar (innbyggarar, næringsliv, samarbeidsparar, leverandørar, offentlege styresmakter, besøkande, osv.) 
  2. Strategiarbeidet skal utvikle forslag til mål og strategiske tiltak som bidreg til eit framtidsretta og heilskapleg (intern, ekstern og omdømebyggande) kommunikasjon frå kommunen. 
  3. Arbeidet skal ha eit langsiktig perspektiv, for åra 2021-2028.  
  4. Strategien skal arbeide innanfor rammene av berekraft, miljøavtrykk og grønare framtid.

Konkretisering av mandatet  

  • Strategiarbeidet skal etablere felles forståing for no-situasjonen og dokumentere denne. Strategiarbeidet skal motivere og forankre omdømmearbeidet i organisasjonen og hjå innbyggarane.
  • Strategien skal fastsette ambisjonsnivå og avklare kommunes rolle og oppgåve
  • Strategien skal identifisere dei viktigaste faktorane for omdømmet til Skjåk kommune, og desse skal vektast etter viktigheitsgrad, moglegheit for påverknad og resultathorisont. Strategien skal belyse/vurdere/foreslå: 
  1. Interne tiltak som vil kunne påverke omdømmet positivt til Skjåk kommune. 
  2. Eksterne tiltak som vil kunne påverke omdømmet positivt til Skjåk kommune.
  3. Aktive tiltak som Skjåk kommune gjer for å betre kommunen sitt omdømme.

Dette skal munne ut i satsingsområder, framtidig organisering og ressursbehov for arbeidet med omdømmet.

Alle tiltak skal vere berekraftige og i samsvar med FN sine klimamål og klimanøytrale innan 2025.

3. Referansegruppe           

Formannskapet er referansegruppe for strategiarbeidet. 

4. Organisering av arbeidet

Kommunedirektøren prosjektorganiserer arbeidet, som skal leiast av ein prosjektleiar. Det er viktig med ein brei og representativ involvering. Innbyggjarane og andre brukarar vil verte utfordra til å kome med innspel og synspunkt. (T.d.: fellesmøter / innspel / intervju / samtalar / brukarundersøking / testpanel / statusinformasjon / høyring) Kommunedirektøren rapporterer jamleg til referansegruppa.  

Rapporteringa inneheld:  

  • Gjennomførte aktiviteter og resultat av disse  
  • Pågåande aktiviteter og diskusjonar  
  • Planlagde aktiviteter for resten av utredningsperioden  

I arbeidet med omdømmestrategien vil kommunedirektøren nytte kompetanse frå ekstern fagmiljø. Dette vil kunne bidra til å utfordre gruppa, til å løfte fram nye idear og stille spørsmål med tradisjonelle oppfatningar. Vidare vil den eksterne kompetansen verte brukt til å samanhalde forslag og idear mot erfaring, forsking og eksisterande dokumentasjon på tiltak som gir effekt. Dersom det i arbeidet vurderast at det er behov for særskilte utgreiingar med omsyn til tall og prognoser etc. vil gruppa, innanfor tildelt budsjett, foreta slike bestillingar.   Vidare kan den eksterne ressursen brukast som innleiar i både arbeidsmøte, politiske møte og møte med innbyggarar / næringsliv.

5. Aktivtetar / Framdriftsplan

 

6. Kostnadar

Ein vil nytte eit ekstern fagmiljø som diskusjonspartner i arbeidet. 

Det vil vere naturleg at administrasjonen og referansegruppa hentar inspirasjon gjennom å besøke ei kommune som med målretta arbeid har lukkast med omdømmearbeidet. Prosjektgruppa kan fordele om postane i budsjettet innanfor total budsjettramme.

7. Framdrift                  

Arbeidet følger vedlagt framdriftsplan. Justeringar i framdrifta skal avklarast med referansegruppa, sjå punkt 5.Aktivitetar / Framdriftsplan.