Kva er bustøtte?

Bustøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader. 
Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar. 

Sjekk om du kan få bustøtte 

På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.

Søk bustøtte 

Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad. Søk bustøtte her!

Meld frå om endringar 

Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får. Lenke her!

Klage på vedtak om bustøtte 

Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket. Klag her!  

Meir informasjon

Du finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no. Du kan og ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing. 

Regelverk
•    Lov om bustøtte
•    Forskrift om bustøtte