Vatn og avløp

Det er kommunale vassverk i Bismo, Aurmo, Dønfoss/Øyberget, Uppnose, Nordberg skule, Marlo skule, Grotli og Billingen hyttefelt.

Kommunen har renseanlegg med avløpsnett i Bismo, Aurmo og Dønfoss, Grotli og Billingen hyttefelt. Teknisk drift har ansvar for drift og vedlikehald av vatn- og avløpsanlegga og det er tilsett eigne driftsoperatørar. Teknisk vakt har ansvar for å oppretthalde normal drift av vatn- og avløpsanlegga utanom ordinær arbeidstid. 

Feilretting

Trykket på vassnettet ved bygningar er 2-7 kg. For lågt eller høgt trykk i fleire hus nær kvarandre, kan skuldast feil på kommunen sitt vassnett.

  • Svikt i vasstilførsel som skuldast brot, skal normalt rettast innan 15 timar. Ved langvarig brot vil kommunen hjelpe til med provisorisk forsyning.
  • Feil i trykkforhold som skuldast feil på teknisk utstyr, skal normalt rettast innan 7 dagar.
  • Brot på kloakkledning skal rettast innan 1-2 dager avhengig av skadeomfanget.

Vassprøver

Kommunen sender inn vassprøver frå vassverka sine til analyse i laboratorium ein gong i månaden. Prøver frå private vasskjelder kan sendast inn saman med desse. Prøveflasker får du ved å henvende deg i servicetorget på kommunehuset.

Tømmerutinar

  • Slamavskiljarar frå bustadhus blir tømt anna kvart år. Gebyret blir fordelt over 2 år og fakturert eigar over 8 terminar.
  • Slamavskiljarar frå fritidsbustadar blir tømt fjerde kvart år. Gebyret blir fordelt over 4 år og fakturert eigar over 4 terminar. 
  • For tette tankar på bustadhus og fritidsbustadar er det krav om tømming kvart år og fakturert eigar over 4 terminar.
  • Tømming utanom oppsett køyreplan blir fakturert etter eigen sats «Ekstra tømming».
  • Slamavskiljarar som ikkje fungerer blir fakturert som tette tankar. 
  • Slambehandling frå bedrifter blir fakturert etter faktiske kostnadar pluss påslag på 5% for å dekke administrasjonskostnadar.

Kontakt

Lars Kurt Haugen
Driftsleiar veg, vatn og avløp
Telefon 453 12 890
Mobil 453 12 890