Skjåk kommunestyre

Skjåk kommunestyre 2015-2019 1 - Klikk for stort bilete

Skjåk kommunestyre i perioden 2015-2019

Kommunestyre

Eit kommunestyre er den folkevalde leiinga i ein kommune. Kommunestyret si rolle blir i Noreg definert av kommuneloven. Det er kommunestyret som fattar vedtak for kommunen, med mindre dette er delegert til andre. Andre kan vere ulike råd og utval eller rådmannen.

I Noreg er kommunestyret det øvste politiske organet i kommunen, og det blir vald ved kommune- og fylkestingvalet kvart fjerde år. Då vel lokalbefolkinga, det vil seie kommunen sine innbyggarar, representantar til kommunestyret. Deretter vel kommunestyret ordførar, og han eller ho kjem som oftast frå det største partiet og har fleirtalet i kommunestyret bak seg. Kommunane har òg ein administrasjon med fast tilsette. Den administrative sjefen blir kalla rådmann.

Kontakt

Skjåk kommune Servicetorg
Telefon 61 21 70 00