Kontrollutval i Skjåk

Kommunestyret har øvste tilsynet med den kommunale forvaltninga. Kontrollutvalet arbeider på vegne av kommunestyret. 

Kva er kontrollutval?

Etter § 23-1 første ledd vel kommunestyret sjølv eit kontrollutval som på vegner av kommunestyret skal føre laupande kontroll med forvaltninga i kommunen. Kommunestyret vel også sjølv leiar og nestleiar i kontrollutvalet. 

Etter § 23-1 andre ledd skal kontrollutvalet ha minst fem medlemer. Dette er ein auke i det lågaste talet på medlemer samanlikna med dagens lov. Minst ein av medlemene i utvalet skal veljast mellom medlemene av kommunestyret. I den nye lova er det også tatt inn ei føresegn om at leiaren ikkje kan vere medlem av same parti eller same gruppe som ordføraren i kommunen. 

Dei vanlege krava til valbarheit i § 7-2 og kven som er utelukka etter § 7-3 gjeld også for kontrollutval. I § 23-1 tredje ledd bokstav a-h er det særlege reglar om kven som ikkje kan veljast til kontrollutvalet. Dette er: 

  • ordførar og varaordførar 
  • medlemer og varamedlemer av formannskapet 
  • medlemer og varamedlemer av folkevald organ med myndigheit til ta avgjerd (merk at medlemer og varamedlemer av kommunestyret likevel er valbare) 
  • medlemer av kommuneråd 
  • medlemer og varamedlemer av kommunestyrekomité.
  • tilsette i den aktuelle kommunen 
  • personar som har ei leiande stilling eller som er medlem eller varamedlem av styret eller bedriftsforsamlinga, i eit selskap som kommunen har eigarinteresser i 
  • personar som har ei leiande stilling, eller som er medlem eller varamedlem av styret i eit interkommunalt politisk råd eller eit kommunalt oppgåvefellesskap. 

Det nedste punktet er nytt i lova, og gjeld dei tilfella der representantskapa i eit slikt interkommunalt samarbeid har oppretta eit underordna styringsorgan etter høvesvis § 18-3 fjerde ledd og § 19-3 femte ledd. Dersom eit slik organ i realiteten er eit "styre" med dei oppgåvene og myndigheit som normalt ligg til eit styre i eit selskap, så kan medlemene og varamedlemene i dette organet ikkje veljast til kontrollutvalet. 

Som det går fram av lista, fører den nye lova vidare at ein person som er tilsett i kommunen ikkje kan veljast til kontrollutvalet, og dette gjeld uavhengig av kva brøk vedkomande er tilsett i. Bakgrunnen for dette er omsynet til å sikre at kontrollutvalet og medlemene skal vere uavhengig og utan bindingar til kommunen. Dessutan vil ein hindre at medlemer av kontrollutvalet får saker til handsaming som gjeld dei sjølve eller verksemda der dei er tilsette. 

Kommunestyret kan når som helst halde nyval av medlemene i kontrollutvalet, jf. kommunelova § 23-1 fjerde ledd. I motsetnad til det som gjeld for utval, kan kommunestyret ikkje vedta å legge ned kontrollutvalet i valperioden. Kontrollutval er eit lovpålagd organ. 

Utvalet sine oppgåver er nærare omhandla i kapittel 23 i kommunelova og forskrift om kontrollutval og revisjon, fastsett av departementet 17. juni 2019.

Kontrollutval i Skjåk

Vedtak i Skjåk kommunestyre - 05.10.2023 - kontrollutvalet for valperioden 2023-2027. Kommunestyret vel følgjande personar som faste medlem og varamedlem i nummerert rekkjefølgje til kontrollutvalet:

Medlemmar kontrollutval
Medlemmar Stilling Parti
Arnfrid Austin Leiar Ap
Eldar Eggen Nestleiar Bygdalista
Anna Kvåle Bygdalista
Torgeir Ødegård Sp
Margrete Øvrelid partiuavhengig



 

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway