Open svømmehall i sommar - nye billettypar og oppdaterte prisarSvømmehallen i Skjåk held ope med ordinære opningstider heile sommaren. Samtidig innfører vi nye billettypar og justerte prisar frå 1. juli 2025.Nye billettypar og oppdaterte prisarFrå og med 1. juli 2025 innfører vi nye billettypar og oppdaterte prisar for besøk i svømmehallen. Endringane skal gjere det enklare å finne den billetten som passar best for deg og ditt bruk.Prisar og billettypar som gjeld frå 1. juli 2025:Enkeltbillett vaksne: kr 60,-Enkeltbillett inntil 20 år: kr 50,-Klippekort vaksne (10 klipp): kr 500,-Klippekort barn (10 klipp): kr 390,- (kr 350,- frå 1. juli 2025)Halvårskort vaksne: kr 1300,- (gjeld frå 1. juli 2025)Halvårskort barn: kr 900,- (gjeld frå 1. juli 2025)Ordinære årskort frå 1. januar 2026: Vaksne: kr 2200,- / Barn: kr 1500,-Familiekort: kr 4300,- (frå 1. juli og ut 2025, til halv pris) Les meir om billettypane Svømmehallen er open i sommarVi gler oss også over å kunne tilby utvida opningstid i svømmehallen i sommar. Dette betyr at det blir ordinær opningstid gjennom heile juli og august. Tilbodet kjem som eit resultat av auka etterspurnad og eit ønske om å gi både fastbuande og tilreisande eit godt aktivitetstilbod gjennom sommaren.Måndag kl. 17.00 - 21.00Tysdag kl. 17.00 - 21.00Fredag kl. 17.00 - 21.00Laurdag kl. 10.00 - 14.00 Les om svømmehallen Velkomen til svømmehallen i Skjåk!Varmtvassbassenget i den nye svømmehallen i Skjåk. Skjåk kommune Hovudbassenget Skjåk kommune Sist endret 27.06.2025 12.30
Moglegheitsstudie for Bismo - Selberg Arkitekter AS Det blir ope møte med presentasjon av moglegheitsstudiet 16. oktober, kommunestyresalen, klokka 19-21. Publisert 07.03.2023 kl. 13.15
Spørjeundersøking Skjåk kommune inviterer innbyggarar til å kome med innspel til den nye klima- og miljøplan. Trykk på linken i saken under for å delta i spørjeundersøk... Publisert 06.03.2023 kl. 13.55
Reguleringsplanforslag for Øyberget næringsområde – Kunngjering av planvedtak Publisert 06.03.2023 kl. 12.20
Har du fagbrev og vil ta steget vidare til meisterbrev? Har du fagbrev og vil ta steget vidare til meisterbrev? Da vil Skjåk kommune bidra med å dekkje studieavgifta for utdanninga Publisert 17.02.2023 kl. 10.33
Nå kan du søkje barnehageplass for 2023/2024 For at den lovfesta retten til barnehageplass skal gjelde, må ein søkje innan fristen 26. februar 2023 Publisert 16.02.2023 kl. 15.40
Koordinator for oppvekstreforma i Skjåk Oppvekstreforma er ei omfattande reform for kommunane, og handlar i korte trekk om å sikre best mogleg tverrfagleg arbeid, tidleg innsats og førebyggi... Publisert 15.02.2023 kl. 14.16
Lom og Skjåk kommunar søkjer etter mannskap til kommunalt skadefellingslag Publisert 01.02.2023 kl. 15.10