Open svømmehall i sommar - nye billettypar og oppdaterte prisarSvømmehallen i Skjåk held ope med ordinære opningstider heile sommaren. Samtidig innfører vi nye billettypar og justerte prisar frå 1. juli 2025.Nye billettypar og oppdaterte prisarFrå og med 1. juli 2025 innfører vi nye billettypar og oppdaterte prisar for besøk i svømmehallen. Endringane skal gjere det enklare å finne den billetten som passar best for deg og ditt bruk.Prisar og billettypar som gjeld frå 1. juli 2025:Enkeltbillett vaksne: kr 60,-Enkeltbillett inntil 20 år: kr 50,-Klippekort vaksne (10 klipp): kr 500,-Klippekort barn (10 klipp): kr 390,- (kr 350,- frå 1. juli 2025)Halvårskort vaksne: kr 1300,- (gjeld frå 1. juli 2025)Halvårskort barn: kr 900,- (gjeld frå 1. juli 2025)Ordinære årskort frå 1. januar 2026: Vaksne: kr 2200,- / Barn: kr 1500,-Familiekort: kr 4300,- (frå 1. juli og ut 2025, til halv pris) Les meir om billettypane Svømmehallen er open i sommarVi gler oss også over å kunne tilby utvida opningstid i svømmehallen i sommar. Dette betyr at det blir ordinær opningstid gjennom heile juli og august. Tilbodet kjem som eit resultat av auka etterspurnad og eit ønske om å gi både fastbuande og tilreisande eit godt aktivitetstilbod gjennom sommaren.Måndag kl. 17.00 - 21.00Tysdag kl. 17.00 - 21.00Fredag kl. 17.00 - 21.00Laurdag kl. 10.00 - 14.00 Les om svømmehallen Velkomen til svømmehallen i Skjåk!Varmtvassbassenget i den nye svømmehallen i Skjåk. Skjåk kommune Hovudbassenget Skjåk kommune Sist endret 27.06.2025 12.30
Sortering av hushaldningsplast F.o.m. mars 2018 blir det lagt til rette for å levera plastavfall i eigne sekkar til miljøstasjonen. Publisert 06.02.2018 kl. 15.16
Taksering av elgbeite i Skjåk Vinterbeite for elg i Skjåk vart taksert sumaren 2017. Beitetaksering skal i fyrste rekke gi ei oversikt over elgen sin beitetilgang og utnytting av b... Publisert 29.01.2018 kl. 11.40
Bruk digital kommunikasjon med Skjåk kommune Skjåk kommune arbeider aktivt med å digitalisere tenestene for å gi betre, enklare og sikker service til deg som bur og driv næring i kommunen. Publisert 12.01.2018 kl. 15.09
Felles kommunedelplan for klima og energi for Skjåk, Lom og Vågå kommunar Kommunane Skjåk, Lom og Vågå har gått saman om å utarbeide ein felles klima- og energiplan. Publisert 19.12.2017 kl. 12.21
Flytting av miljøstasjon Fyrste opningsdag for ny mijøstasjon blir 20. desember Publisert 14.12.2017 kl. 10.22