Takk for god ryddedugnad!

Bilde frå Ottaelva - Klikk for stort bildeOttaelva Per Dagsgard

Takk til alle som har vore med å bidrege på årets ryddedugnad. Heile elvestrekka frå Dønfoss til Lom grense er rydda på begge sider av elva.

"Dette må ein si vart voldsomt bra med god deltaking!"

Les tilbakemelding og rapport frå Kristen Haugen Dagsgard:

(Les også artikkel Ryddedugnad langs med vassdraga i Skjåk)

Heile elvestrekka frå Dønfoss til Lom grense er rydda på begge sider av elva. Dette utgjer 23 km x 2 i luftlinje. Altså 4,6 mil i luftlinje. I tillegg kjem sjølvsagt alle øyer, kroker og avstikkarar.  Det blir godtgjort lag, organisasjonar og klasser for rundt 70 000 kr!  Aksjonen resulterte i totalt 449 ryddetimar der i alt 207 personar var i sving. Desse er ikkje unike da ein del gjekk for fleire aktørar (særleg foreldre). Anslagsvis 75 sekkar med laust avfall vart samla i tillegg til større ting.

Da skal det forhåpentlegvis vera bra etter elva.. 😊 Dei aller fleste gjev attendemelding om at det var mindre søppel nå enn tidlegare. I tillegg er ein del av det av eldre dato. 

Kontakt

Tor Taraldsrud
Naturforvaltar
Telefon 61 21 70 00
Mobil 481 90 145