Informasjon om TT-ordninga frå 1.1. 2020

Lom og Skjåk tildelingskontor har administrert transporttenesta (TT) i Oppland. TT-ordninga skal frå 1.1. 2020 over frå kommunen til Innlandet fylkeskommune.

   

Frå 1. januar 2020 vil TT-ordninga bli administrert av Innlandet fylkeskommune. Dette vil seie at det er ei fylkeskommunal nemnd som skal ha ansvaret for å behandle søknader og fylgje opp brukarane. All informasjon frå fylket om TT-ordninga finn du her: https://innlandetfylke.no/tjenester/samferdsel/tilrettelagt-transport-tt-kort/

Den største endringa vil vere at alle som oppfyller kriteria vil få ordninga. Det er ikkje lengre heimlar som blir tildelt kvar einskild kommune. Det vil ikkje vere venteliste.

Kriteria som kan gjeva rett til ordninga er:

  • Blinde og sterkt svaksynte.
  • Personer som er avhengig av rullestol og andre sterkt bevegelseshemma
  • Andre bevegelseshemma som til dømes personar med psykisk funksjonsnedsetting, nevrologiske sjukdommar, demente, utviklingshemma, hjerte- og lungesjuke, astmatikar og allergikar.

Det vil bli sendt ut informasjon til noverande brukarar og kommunene medio november. Det vil ikkje bli tildeling frå kommunen etter 1.oktober 2019.

Informasjon frå fylket pr. 16.12.2019:

 

Artikkelliste