Lom og Skjåk tildelingskontorTreng du, eller nokon du kjenner, tenester frå Pleie og omsorgstenesta i Lom eller Skjåk, skal dei ta kontakt med Lom og Skjåk tildelingskontor. Viktig informasjon om tildelingskontorets beredskap i samband med smitteverntiltak grunna covid-19 pandemien finn du i eigen artikkel på toppen av denne sida! Diverse søknadsskjema: Søknadsskjema om helse- og omsorgstenester (PDF, 632 kB) Samtykkeerklæring (DOCX, 94 kB) Tildeling av kommunalbustad, omsorgsbustad, flyktingbustad. Kva er tildelingskontoret? Tildelingskontoret fattar vedtak om tenester ut frå gjeldande lovverk og Kvalitetsstandardane for tildeling av tenester i Pleie- og omsorg i Lom og Skjåk kommune. Dei har eit tverrfagleg samarbeid med Skjåkheimen, Helseheimen i Lom, heimetenestene, fastleger og andre relevante partar. Her kan du sjå Skjåk kommunes Serviceerklæring for pleie- og omsorgstenesta Her kan du sjå Skjåk kommunes kvalitetsstandard for tildeling av tenester (PDF, 2 MB) Her kan du sjå Lom kommunes kvalitetsstandard for tildeling av teneste (PDF, 2 MB) Tildelingskontoret saksbehandlar søknadar om desse tenestene: Avlastningstiltak (t.d. døgnopphald eller støttekontakt) Døgnopphald på sjukeheim Rehabilitering (t.d. i form av døgnopphald eller kvardagsrehabilitering) Praktisk bistand til reinhald eller andre oppgåver i heimen Heimesjukepleie til helsetenester i heimen Velferdsteknologi (t.d. tryggleiksalarm og medisindispenser) Personleg assistent BPA (Brukarstyrt personleg assistanse) Støttekontakt Butilbod (t.d. omsorgsbustad eller bufellesskap) Dagsenter (t.d. dagtilbod for demente eller utviklingshemma) Habilitering (t.d. i form av miljøarbeid i heimen) Individuell plan og ansvarsgruppe Ledsagerbevis Matombringing Omsorgsstønad Parkeringsbevis for forflytningshemma (Søknadsskjema kan du få på tildelingskontoret.) Tildelingskontoret for Lom og Skjåk har ikkje ope for publikum, men kan gjere avtale med innbyggjarar etter behov. Dette kan vere rådgjeving, hjelp til å fylle ut søknadar/ klagesakar og anna. Prisar på tenester finn du under menypunkt Gebyrer Publisert 28.05.2020 15.50 Sist endret 21.06.2021 09.53