Reglar for bruk av svømmehall

Driftsinformasjon 15. mai 2023:
Svømmehallen blir stengt for all bruk frå 30. mai 2023 grunna renovering. 

Reglar for bruk av svømmehallen

Badegrupper må søkje om tid. Kontakt servicetorget.

  1. Ei badegruppe kan vere på inntil 15 personar.
  2. Ansvarleg kontaktperson/gruppeleiar skal føre liste over personane i gruppa kvar gong bassenget blir brukt. Denne lista skal ved førespurnad kunne bli framvist i inntil 14 dagar etter bruk. Dette i tilfelle seinare smitteoppsporing. Ansvarleg kontaktperson/gruppeleiar har ansvar for at smittevernreglane blir fylgt.
  3. Før bruk skal kontaktflater vaskast med såpevatn og papir eller spritklut. Dette gjeld dørhandtak, benkeoverflater, kraner og eventuelle andre berøringspunkt. Brukargruppene må sjølve stille med spritklutar eller såpe.
  4. Kvar badegruppe skal ha ein person med godkjent livredningsprøve. Livredningskurs vil gli gjennomført i forbindelse med opning av svømmehallen.
  5. Badstuer vil vere stengde.
  6. Gruppene er sjølv ansvarlege for reingjering av utstyret dei brukar. Dette skal gjerast etter retningsliner sett av gruppene sine særforbund.
  7. Etter bruk skal kontaktflater vaskast med såpevatn og papir eller spritklut.
  8. For bruk av garderobane gjeld same reglement som for andre grupper som brukar desse (sjå eige regelment for dette).
  9. Personar som ikkje overheld reglane vil bli vist bort.

Skjåk kommune tilbyr livreddingskurs

Kurspåmelding og informasjon om kurs, ta kontakt med leiande vaktmeister Jon Brennhaug. 

Kontakt

Skjåk kommune servicetorg
Kundemottak
Telefon 61 21 70 00
Skjak, Norway

 

Jon Brennhaug
Leiande vaktmeister
Telefon 917 21 109