Karusell kunst Undervisninga blir på Skjåk barne- og ungdomsskule og Loar skule i SFO tid. Karusell kunst og idrett vil gå på ulike dagar i SFO tida. Elevar kan såleis vera med på begge tilboda.Karusell kunst er eit tverrfagleg kunsttilbod for barn 1. og 2. klasse, innan områda teater, musikk, dans og visuell kunst. Elevar som går på tilbodet over fleire år vil med auka kompetanse, kunnskap og erfaring gradvis få større utfordringar og oppgåver i gruppa.Søk deg inn på karusell kunst her:Påmelding KARUSELL KUNSTGruppebasert undervisning som vil gje elevane smakebitar frå dei ulike kunst- og aktivitetsområda.Undervisninga skal medverke til å utvikle kreative evner, fagleg kompetanse og evne til samarbeid som grunnlag for personleg utfalding. Sist endret26.02.2020 12.07