Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering - Eit tilbod til deg som ynskjer trening i eigen heim for å bli mest mogeleg sjølvstendig i eige liv

Kvardagsrehabilitering

Kva er kvardagsrehabilitering? 

Ei tildelt teneste frå kommuna der målet er at du skal oppleva auka meistring i aktiviteter som er viktig for deg nå. 

I samarbeid  med deg vil eit tverrfagleg team utarbeide mål som du tykkjer er viktig å meistre i din kvardag, du vil få rettleiing og oppfylgjing i aktivitetar som gir framgang. Tilbodet gjeld i ei avgrensa periode. Vi evaluerer og justerer tiltaka etter behov. 

Målgruppa

Kvardagsrehabilitering kan vera aktuelt for deg dersom du bur heime og strevar med å meistre aktivitetar som er viktig for deg i kvardagen. Har du vore innlagt på sjukehus eller institusjon og opplever behov for bistand i ettertid kan kvardagsrehabilitering hjelpe deg å meistre (t.d.): 

  • personleg stell
  • kome deg inn og ut av senga
  • matlaging
  • gå trapp
  • reise og sette seg frå stol
  • gå ute

Kven er vi? 

Eit tverrfagleg team sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleier og heimetrenarar som ynskjer å bidra til at du kan nå måla dine. Vi kjem heim til deg og vil saman med deg trene på det du tykkjer er viktig i kvardagen. 

Kva forventar vi av deg? 

Du må vera motivert til å gjera ein innsats for å nå dei måla du har sett slik at du i størst mogleg grad kan vera aktiv i eige liv – i eigen heim. 

Du søkjer på tenesta på søknadsskjema for pleie og omsorg (PDF, 632 kB).
 

Kontakt

Ann Kristin Auale
Saksbehandlar Tildelingskontoret
Telefon 905 62 291
Mobil 905 62 291