Økonomitips

På denne sida har vi freista å samla ein del økonomitips som kan ha nytteverdi om du er gamal, ung, rik eller fattig. 

Økonomitips

Eit økonomitips kan vera så mykje. Er det ein ting som er sikkert, er det at det finst mange av dei! På denne sida har vi freista å samla ein del tips som kan ha nytteverdi om du er gamal, ung, rik eller fattig. Det viktigaste med slike økonomitips er at dei kan vera med på å «setja noko i gang» i hovudet ditt når det gjeld korleis du stiller deg til god styring på eigen økonomi! 

Skaff deg oversikt

Dersom du ikkje har styring på kva som går inn og ut av kontoen din kvar månad, så må du få styring på det. Det beste verktøyet du har for å få deg oversikt, er nettbanken din. Sjå innom nettbanken ofte for å skaffa deg oversikt! 

Ha ein bufferkonto

Når vi er inne på nettbank: Skaff deg ein bufferkonto! Kva er ein bufferkonto? Det er ein eigen konto der du set inn pengar som du ikkje treng å bruka med ein gong. Pengane på ein bufferkonto gjev deg moglegheit til å takle uforutsette utgifter (som til dømes bilreparasjon) utan at det går på bekostning av pengane du har til rådigheit. Det kan vera lurt å til ein kvar tid ha minst ei månadsløn på bufferkontoen. Ein god måte å «fylla opp» bufferkontoen på, er å ha eit automatisk trekk inn til denne kontoen frå lønskontoen din same dag som løna kjem inn. Det treng ikkje vera store summen. 

Lag deg eit budsjett

Å laga seg eit budsjett inneber å setja opp eit rekneark med alle inntekter og utgifter ein har i løpet av ein månad. Dette er ein god måte å få seg oversikt over kvar pengane blir av, og gjev moglegheit for å kutta unødvendige utgifter. Med utgangspunkt i oversikt over inntekter og utgifter frå nettbanken din, kan du setja opp budsjettet for neste månad. Når månaden er over, kan du samanlikna budsjett-tala med det du faktisk har brukt, og slik sett finn du ut om du greidde å halda budsjettet ditt. Hjelp til korleis laga budsjett og budsjettmalar finn du i lenkesamlinga

Kjøp brukt, sel det du ikkje treng

Det er ingen tvil om at forbrukarvarer kan vera dyrt. Hobby-og fritidsprodukt er ikkje noko unntak. Det er ikkje sikkert du treng å kjøpa den sykkelen du vil ha heilt ny? Eller ski, klede og sko til barna? Bruktmarknadane bugnar av varer som er pent brukt, gjerne til halve prisen av nye varer. Ha dette i bakhovudet neste gong du er på utkikk etter ei vare du treng. På same måte er det lurt å tenkja over om du virkeleg treng alt du har liggande? Legg ut varer du ikkje har behov for lenger for sal! Finn.no og lokale facebookgrupper er gode kanalar for kjøp og sal. 

Betal rekningane dine!

Dersom du ikkje betalar rekningane dine til rett tid, står du i fare for å få purregebyr. Eller enda verre: Rekninga kan gå til inkasso. Eit purregebyr kan vera maksimum 70,- kr(pr. 2022), og er eigentleg ein liten sum. Dersom du får ein del purregebyr i løpet av eit år, blir det fort pengar av det likevel: Får du 20 purregebyr utgjer dette 1400,- i løpet av eit år! Utgiftene til inkasso er enda høgare. Betal rekningane til rett tid!

Snakk om økonomi

Diverre er det nok enda slik at å snakka om økonomi er tabubelagt for mange. Snakk om økonomi med familie og vener - uansett om du slit med økonomien eller ikkje! Ingenting blir betre av at ein ikkje er open om problema sine. Dersom du ikkje vil snakka med kjensfolk, ring økonomirådstelefonen til NAV: 800GJELD (800 45353). Her får du gode råd og tips til korleis du skal gå fram for å få betre styring på økonomien din.

Ha eigen konto for rekningar

Akkurat som at det er lurt å ha ein bufferkonto, er det og ein god ide å ha eigen konto for faste rekningar. Inne i nettbanken din får du god oversikt over kva faste rekningar du har kvar månad, og med eit budsjett finn du ut på krona kor mykje pengar det er snakk om. Dersom du opprettar ein eigen konto for faste rekningar og overfører denne summen frå lønskontoen så fort løna kjem inn, har du sikra deg at du har nok pengar til rekningane dine. 

Bruk AvtaleGiro / eFaktura

Dei faste rekningane dine er du klar over. Kva med å setja opp AvtaleGiro eller eFaktura slik at desse rekningane blir trekt frå konto automatisk. Dersom du er skikkeleg lur, set du det slik opp i nettbanken din at AvtaleGiro eller eFaktura blir trekt frå ein eigen rekningskonto. Ein annan fordel med AvtaleGiro og eFaktura er at du slepp fakturagebyr, som er nokså vanleg på papirfaktura.

Planlegg handelen din

Ein butikktur på tom mage er sjeldan ein god ide, det kan ofte bli med meir varer i handlekorga enn naudsynt. Det same gjeld om ein stikk innom butikken ofte. Dersom du har høge utgifter knytt til daglegvarer, kan noko av utfordringa ligge i handlevanane dine. Planlegg handlen din! Lag ei handleliste, tenk nokre dagar framover i tid. Kva treng du? Dersom du greier å planlegge middagar og liknande så langt fram som ei veke, er det nok med ein tur til butikken i veka. På denne måten kan du spara deg sjølv for ganske mange kroner i unødvendige utgifter på daglegvarer.

Ha eit mål med sparinga

Mange syns det er lettare å spara pengar dersom ein har eit mål å spara mot. Kva du sparar til er opp til deg sjølv, men prøv å konkretiser sparinga...om det er ny bil, ein sykkel, pensjon, eller julegåve til mor! Bruk ein sparekalkulator dersom du har lyst til å finna ut kor lenge, og kor mykje du må spara for å nå målet ditt. Sparekalkulatorar finn du på lenkesamlinga.

Kutt ned på dyre forbruksvarer

Dyre forbruksvarer kan vera eit samlebegrep for varer ein eigentleg ikkje treng, men som ein gjerne kjøper ein del av likevel. Til dømes: Brus, tobakk, «kjøpkaffe», alkohol, lunsj, vekeblad/magasin, med meir. Dersom ein har for vane å handla slike varer ofte, er det store summar å spara på å kutta ned på desse varene: utruleg mange tusenlappar i året faktisk! Det ligg ute ei eigen episode av podcasten om dette emnet: Podcasten «Levele - god styring med eigen økonomi»

Set deg sjølv ut på anbud! 

Det høyrest kanskje litt flåsete ut, men tenkjer ein slik kan det vera pengar å spara. Du er ein kunde for ganske mange bedrifter: Bank, forsikring, straum, mobilabonnement, breiband, +++. Er du sikker på at du har gode betingelsar hjå alle desse bedriftene? Du kan lett finna ut om du kan få betre betingelsar hjå andre: På finansportalen.no kan du samanlikna banktenester, forsikringar og pensjonssparing. Hjå tek.no kan du samanlikna mobilabonnement, og bredbånd.no samanliknar internettabonnement for deg. Du som kunde er verdifull for slike bedrifter, og du bør nytta deg av moglegheita til å byta til dei som gir deg mest for pengane! 

Fyll drivstoff til rett tid

Det kan vera mange pengar å spara på å fylla drivstoff på bilen til rett tid. Drivstoffprisane forandrar seg gjerne med fleire kroner pr. liter i løpet av ei veke. Mange stader er det billigare drivstoff til dømes på kveldstid søndag og torsdag. Fylg med på prisane i lokalmiljøet ditt! Du bør og vera klar over at det er fleire rabattavtaler du kan nytta deg av. Mange av avtalene er knytt opp til kredittkorløysingar, men ymse fagforbund og liknande har avtaler som gjer at du kan spara opp til ei krone pr. liter! 

Spar BSU

Denne ordninga er kanskje den beste spareordninga vi har i Norge. BSU står for boligsparing for ungdom, og er aktuelt for deg som er under 34 år. Pr. 2022 kan du spara opp til 27500,- kr i året, og få 5500,- kr i skattefrådrag dersom du sparar så mykje. Det er og god rente på pengane dine på BSU-konto. Merk deg at pengane blir øyremerkt boligkjøp. Er du under 34 år og har skattbar inntekt, bør du så absolutt spara i BSU! I podcastserien vår har vi ein eigen episode om BSU: Podcasten «Levele - god styring med eigen økonomi»