Om Levele

«Levele - god styring på eigen økonomi» er eit prosjekt støtta av fylkesforvaltaren.

Om Levele

«Levele - god styring på eigen økonomi» er eit prosjekt støtta av fylkesforvaltaren. Prosjektet har gått over tre år, med målsetning om å synleggjera moglegheitene den einskilde har til å ta styring på eigen økonomi. Målgruppa er brei, då prosjektet ser at personleg økonomi er noko som gjeld alle, og alle har godt av å «sjå litt» på økonomien sin i kvardagen. 

I prosjektperioden har det blitt produsert fleire forskjellige verktøy som kan vera med å hjelpa deg på veg til å få god styring på eigen økonomi:

Nettstaden levele.no

Desse sidene som du no er inne på, er samlingspunktet for alt som er laga av verktøy så langt i prosjektet. Sjølve nettsidene inneheld lenkesamlingar, økonomitips, framgangsmåtar, foldarar, infografikk og podcastepisoder. 

Lenkesamling

Det er ingen tvil om at temaet personleg økonomi allereie er godt dekt av mange aktørar på internett. Dersom ein søker på dette, får ein om utruleg mange resultat. På levele.no finn du eit utval av lenker til nettressursar som er nyttige. Slik slepp du å leita deg gjennom jungelen av søkeresultat sjølv! 

Lenkesamling

Økonomitips

Enkle og tydelege tips utan å måtte lese side opp og side ned? Vi har samla ein god del slike tips som kan vera med å hjelpa deg på vegen til å få god styring på eigen økonomi. Desse tipsa er meint som ein liten smakebit på kva som kan vera lurt å tenkja på, og ta stilling til når det kjem til personleg økonomi. Tipsa omhandlar alt frå sparing, forsikringstips, lån, gjeld, med meir. 

Økonomitips

Framgangsmåtar

Er du usikker på korleis du lagar eit budsjett? Korleis kan du nytta nettbanken din på best mogleg måte? På undersida for framgangsmåtar får du hjelp til slike ting! 

Foldarar

For mange er det godt å ha noko fysisk i handa når ein skal lesa noko. Vi har sett saman fleire foldarar med informasjon knytt til personleg økonomi du kan skriva ut. Desse foldarane er og tilgjengelege hjå servicetorga i Lom og Skjåk, biblioteka våre, NAV-kontoret, og mange andre stader. Foldararane finn du under «Nedlastingar»:

Nedlastingar

Podcast

«Levele - god styring på eigen økonomi» er og tittelen på podcastserien vi har laga. Her tek vi opp ulike tema knytt til personleg økonomi, ofte med ein gjest som kan mykje om temaet for episoden. Podcasten er tilgjengeleg her på levele.no, i tillegg er serien å finna på Fjuken-TV

Podcasten «Levele»

Logoen til prosjektet Levele - Klikk for stort bildeLogoen til prosjektet levele NAV Lom og Skjåk